Fresvik hengsel - sjølvlukkande hengsler til fryse- og kjøledør
21.06.2019
Alle som har kjøle- eller frysedør opplever stadig vekk at dørene ikkje blir lukka. I ein hektisk kvardag, gjerne med produkt i begge armane, kan det lett skje at døra ikkje blir lukka skikkeleg, med påfølgande kuldetap.
Dette har vi i Fresvik Produkt gjort noko med.
Med Fresvik hengsel får du dører som:
- alltid vil bli lukka (når vinkel < 100 grader)
- gjer at du unngår kuldetap
- er slitesterke og gir deg mindre vedlikehald
- blir ståande i open stilling ved vinkel 100 grader eller meir
Fresvik hengsel vil bli tilgjengeleg på alle dører levert av Fresvik Produkt, bortsett frå industrislagdørar.